| I Fokus
– Send meir pengar …
MILLIONAR: Regjeringa (her representert ved Lubna Jaffery) vil løyve endå nokre millionar til å piska den siste opinionsresten på plass, skriv Egil Morland
Javad Parsa / NTB
Det hende på ein internatskule at poden kom i finansielle vanskar. Så meldinga heim var kort og umisforståeleg: – Send meir pengar!
Episoden – lenge gløymd – melde seg straks då eg for kort tid sidan høyrde eit intervju med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Saka var at ei undersøking gjort av Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) viser at den positive haldninga til skeive, bi- og homofile er høg, sjølv om den har stagnert. Men det positive synet på transpersonar, derimot, viser ein tydeleg tilbakegang.
Det er bekymringsfullt, sjølvsagt.