For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

«Ap-leiar og tidlegare utanriksminister Jonas Gahr Støre sitt gravalvor står ikkje til truande. Då karikaturstriden rasa, gjorde han tvilsomme forsøk på å roa ned situasjonen», skriver Egil Morland. Foto: Dagen-arkiv

Selbekk og Støre

Av ulike grunnar er dette notatet skrive nokre dagar for seint. Men det eg hadde tenkt å skriva om – sjølv om «mitt» område er teologi og kyrkjeliv – var ein refleksjon over om 2015 vert det året då vi frå ein teologisk synsstad må gå laus på islamspørsmålet på ein ny og offensiv måte.

Publisert Sist oppdatert

Om ei vekes tid skal eg delta på eit seminar der det vert spurt om samanhengen mellom teologi og vald – i regi av Norges kristne råd. Intensjonen er sikkert å bidra til ein smule sjølvpisking, der spørsmålet er om tradisjonell «konservativ» teologi i familiespørsmål fører til vald mot menneske med andre legningar.

Hendinga i Paris onsdagskvelden utvidar perspektivet brutalt. Spørsmålet er ikkje lenger om enkelte element i ein religion kan gi individuelle dysfunksjonelle utslag, i strid med det som religionen «eigentleg» handlar om, men om islam i det heile er rusta til å finna ein fredeleg plass i eit moderne, multikulturelt samfunn. Er det slik at religionen i seg sjølv avlar vald mot annleis truande? Det er som kjent ikkje reell trusfridom i eit einaste islamsk land i verda. Det er vidare eit faktum at islam deler verda i to område (ukjent for sekulære religionskritikarar): Fredens rike, som er islams, og stridens rike, som er alle vantru, det vil seie alle andre menneske, sitt. Her er det ikkje grunnleggjande skilnader mellom dei ulike retningane som krigar innbyrdes. Og dei etiske retningslinene kan endra seg for ein muslim som lever eller oppheld seg i stridens rike. Folkeleg sagt kan du ikkje alltid vera sikker på om det vert tala med lygekryss bak ryggen. «Sanningar» kan ha datostempel på seg; det er konteksten som avgjer. Nok om det, no.

Sendingane i radio og TV utover natta til torsdagen reiser nokre av desse spørsmåla. Nok ein gang er det den tidlegare pressegeneralen Per Edgar Kokkvold som viser veg. Tidlegare har han både åtvara mot vestlege medier sin sjølvsensur, og til den manglande reaksjonen på at kristne vert fordrivne frå land etter land i den arabisk/islamske verda.

Powered by Labrador CMS