| Debatt
Sanninga tru i kjærleik i møte med muslimar
OPNAR FOR EVANGELIET: Det viser seg at det i muslimske land er større opning for evangeliet no enn nokon gong før. Her finst gode kristne organisasjonar som når muslimar. Dei treng vår støtte, skriv Øyvind Vevle.
Helge Johan Stautland/KPK
Overskrifta er frå Ef. 4,15. Det er eit vanskeleg ord å leva etter for den som er engasjert i åndskampen. Det er teke frå eit avsnitt der Paulus nemner ulike oppgåver i kyrkjelyden som Kristus gav oss for at me kan stå støtt i møte med lærdomsvinden i tida.
Dei siste decennia har islam vorte ei tydeleg røyst i det norske samfunnet. Islam betyr underkasting. Det er kanskje ikkje så mange etniske nordmenn som har gått over til denne læra, men det er ein påtakeleg angst for å kritisera islam. Dei som har prøvt, har kanskje fått meir eller mindre tydelege åtvaringar. Angsten for å kritisera islam kan vera kombinert med tanken på ikkje å krenkja muslimar.
Me lever i eit land med ein tusenårig kristen tradisjon, og mange fleire enn dei som kallar seg kristne, er glade for det. Det er viktig å halda fram det gode og samfunnsbyggjande i kristendommen samanlikna med dei åndskreftene som rår i islam. I min barndoms sogebok i folkeskulen vart islam kalla krigens religion. Det stemmer godt med historia om framveksten av islam, først i Arabia, så resten av Midt-Austen og vidare i Nord-Afrika med meir.