| I fokus
Saman om oppdraget
MÅ NÅ NYE: Verda treng ikkje museumsvaktarar. Vi treng oppfinnarar, drøymarar, visjonærar og pionerar som vil nå stadig nye generasjonar med evangeliet, skriv Erling Thu.
Alice Tegle
Det første Gud gjorde då han hadde skapt menneske i sitt bilete var å velsigna dei med eit felles oppdrag. Dei skulle reprodusera menneske i Guds bilete, odla skaparverket og leggja alle ting under Guds gode styre. Familien var sentral i Guds plan om å fylla jorda med sin herlegdom. Syndefallet fekk katastrofale følgjer, men endra ikkje Guds evige frelseplan.
Det store misjonsoppdraget som Jesus gav læresveinane, er både eit ekko av det første oppdraget Gud gav mennesket og oppfyllinga av det.
Frå opphavet ønskte Gud å ha ein stor familie av mange barn som skulle bli forma etter biletet av Son sin. I Guds evige plan er vi på førehand valt ut til å bli likedanna med Jesus Kristus, slik at han kunne vera den førstefødde mellom mange søsken (Rom 8,29). Kyrkja, som er Guds familie, er i sin natur både veksande og misjonærande.