| Kultur
Rettshistorisk praktverk frå Hordaland
BOK: Denne nye boka til Jørn Øyrehagen Sunde (foto) har også sin «Sitz im Leben» i Sunnhordland, Hardanger, Nordhordland og Bergen, og burde vera av interesse for alle som har røter på desse kantar av landet, skriv Bård Hauge.
Sølve Depui Aksnes
At Jørn Øyrehagen Sunde er ein framifrå rettshistorikar og vitskapsmann er velkjent, og at han også er ein glitrande retorikar og skribent provar denne særs interessante boka til fulle. Han stod for alvor fram for allmenta, i alle fall oss her i Hordaland, då 1000-årsjubileet for Mostratinget vart høgtida i 2024 og han gav si tolking av dette.
Denne nye boka har også sin «Sitz im Leben» i Sunnhordland, Hardanger, Nordhordland og Bergen, og burde vera av interesse for alle som har røter på desse kantar av landet. Sjølv er forfattaren oppvaksen i Uskedalen i Kvinnherad, ikkje så langt frå Baroniet i Rosendal. Det er sikkert noko av bakgrunnen for at han arbeider med ei jubileumsbok for Baroniet til 350-årsjubileet i 2028. Boka om Kari Knutsdatter har også nytt godt av ein del av materialet frå Rosendalforskinga.
Det som formelt og annonsert i boktittelen er ein forsvarstale for ei kvinne ved namn Kari Knutsdatter og ei skildring av rettssakene ho måtte gjennom, materialiserer seg som ei omfattande skildring av samfunnsliv, folkeliv, trusliv, kulturliv og menneskesyn i Noreg, representert ved sentrale delar av Hordaland, på 1700-talet.