| Debatt
Rein og rettferdig – eller?
TEOLOGI: Eg trur svaret må vera dette; prøva det som blir sagt og skrive på Skrifta sjølv, skriv Oddvar Haugland.
Kai Flatekvål
«De er alt reine på grunn av ordet eg har tala til dykk» (Joh 15,3).
Eg har prøvt å følgja debatten om rett tru, om skilnad på katolsk og luthersk lære om korleis ein blir frelst. Det er ikkje ganske enkelt, då teologane argumenterer godt frå kvar sin kyrkjelege ståstad. Kva skal ein arme bibellesar tru er rett? Eg trur svaret må vera dette; prøva det som blir sagt og skrive på Skrifta sjølv. Det gjorde dei første kristne; «dei tok imot ordet med all godvilje, og granska kvar dag i Skrifta om det stemde slik som det blei sagt».
Og i Skrifta kan ein finna: «Gud har gjeve oss evig liv og dette livet er i hans Son. Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Sonen, har ikkje livet. Dette har eg skrive til dykk så de/du skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds son» (1 Joh 5;11–13.