| Kommentar
Regjeringa sin sparekniv over Frelsesarmeen er uverdig
Treng hjartevarme ei viss ideologsk innpakkig for å passera hos regjeringa?
TRADISJONSRIK: Frelsesarmeen sin logo er tradisjonsrik og representerer hjelp til dei svakaste. No er dei i økonomisk krise.
Anders Artmark Aanensen
Det er eit teikn i tida at Frelsesarmeens møter økonomisk krise midt i ein valkamp som står i den moralske indignasjonens teikn.
Spørsmålet som brenn er om regjeringspartiet og dei næraste allierte har det så travelt med å markera moralsk høgverdige synspunkt alle andre stader at dei gløymer dei minste og svakaste rett rundt eigne dører?
Dei siste dagane har vi her i avisa gitt innblikk i Frelsesarmeens krevjande økonomiske situasjon. Organisasjonen som er kjent for å stå last og brast med dei aller fattigaste blant oss, må spara inn 100 millionar kroner i løpet av inneverande og neste år.