VESTLEG: Israel er eit vestleg demokrati og vi i Noreg burde lære av det høgteknologisk israelske samfunnet. Det finst særrettar for jødane i Israel, men slik må det være for å sikre jødane sin einaste fristad i verda, skriv Per Johan Ramsli. Her er utanriksminister Børge Brende saman med Israels statsminister Benjamin Netanyahu. 


Regjeringa og Israel

Eg ynskjer regjeringa lykke til med det vidare arbeidet – og husk at den som velsigner Israel vert sjølv velsigna.

Eg har lyst til å sende nokre ord til regjeringa, og spesielt tilFramstegspartiet som har vore eit av få parti som har hatt klarsyn til å støtte landet Israel.

Framstegspartiet har forsvartIsrael i ein tsunami av propaganda og hat som ofte bølgjer i media. Eg har belegg for å seie at eg taler for mange som har gitt si stemme slik at regjeringa vi har i dag kunne sjå dagens lys.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

UtenriksministerBørge Brende har nettopp vore i Israel og møtt Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu ogMahmoud Abbas. I det høve merka eg – før han steig ombord i flyet, at han uttalte seg sjølvsikkert til NRK at no måtte Noreg og det internasjonale samfunn legge press på prosessen for å skaffe til veie denne to-stats løysinga.

Samtidig som eg kjenner rimeleg godt Israel gjennom dei fire besøka eg har hatt der – har eg lyst til å komme med nokre refleksjonar.

Det er 22 land som tilhøyrer den arabiske verda medislam som religion – og det er berre eittjødisk land:Israel.

I det lille landet, på storleik med Hedmark fylke herskar det einaste demokratiet i heileMidtausten. Samtidig som hundretusener av mennesker vert slakta og forfulgt iSyria,Irak,Egypt med fleire har den 20 prosent arabiske delen av befolkninga som bur i Israel, demokratiske og politiske rettar som mellom anna stemmerett, likestilling og religionsfriheit.

Kvifor brukar ikkje Brende Israel som eit skule-eksempel på kva som er muleg å få til om ein samarbeider. I staden for og prøve å øydelegge det?

Israel er eit vestleg demokrati og vi i Noreg burde lære av det høgteknologisk israelske samfunnet. Det finst særrettar for jødane i Israel, men slik må det være for å sikre jødane sin einaste fristad i verda. Med meir enn 1,3 millionar jødar som har utvandra frå Sovjet, Frankrike, Etiopia og andre land dei siste 25 åra, har dei også hatt sine utfordringar med å sikre dei arbeid, hus og så vidare.

Eg og mange saknar no atFrp tek eit langt sterkare standpunkt for å seie klart i frå iforhold til Israel sin rett til å eksistere og bestemme sjølv, og ikkje minst sikre si eiga befolkning.

Tenk om denne blå-blå regjeringa hadde gjort so mykje for å sikre si befolkning slik somBenjamin Netanyahu har gjort i forhold til å ha eit oppegåande forsvar av landet og ha desentraliserte militære avdelingar. Her i Noreg strever vi med å komme av flekken etter 22. juli, og lite og ingen ting vert gjort. Jamfør Dagsrevyen i NRK 21. mai.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi har eit forsvar som vi ikkje lengre kan stole på og som dagens regjering har bestemt å avvikle, jamfør tidlegare forsvarssjef Diesen i Aftenposten 9. mai. De, (les Børge Brende) må skjøne at dette ikkje handlar om land, såkalla «Land for Peace» – og at Israel må gi etter for «palestinernes» rettigheter og så vidare. FN brukar mesteparten av si tid på å fordømme Israel og så vidare.

Heilt kort: Dette er arabarar, og har alltid vore det. Det med det palestinske folket var noko Yassir Arafat (sjølv egyptisk araber) fann opp på slutten av 60 talet. Dette sa han sjølv ved fleire høve.

«At folket måtte ha ei sak å tru på» i kampen mot jødane og Israel. Professor David Bukay ved Universitetet i Haifa har gjennomført ei studie av palestinske synspunkt på «fredsprosessen», basert på deira media og lærebøker. Han konkluderer med at

De palestinske sjølvstyre myndigheitene si leiing, medier og utdanningssystem er engasjert i «en prosess med demonisering og dehumanisering mot Israel på høgre nivå enn (nazi avisa) Der Stürmer. Dei formidlar dette vidare til sine barn i ein djup prosess av hat og opphissing utan sidestykke i historia» Kilde:Israel Today, april 2015, Bukay seier vidare at det er religionen (les Islam) som er kilda til problemet.

Antisemittismen blussa først opp innan islam, ikkje i Europa, fortalde den israelske nyheitskanalen Arutz 7. Det er starten på antisemittismen mot det jødiske folket.

Folket treng å vite kva Saeb Erekat sjefsforhandler i De palestinske sjølvstyremyndigheitene, tenkjer og skriver om staten Israel og det jødiske folket når han sit ved forhandlingsbordet, fortsetter Bukay.

Dei skriver opent om desse tinga, det vil sei at to-statsløysinga er berre eit knep for ei éinstatsløysing: Palestina! Noko å tenke på for dere i regjeringa som nettopp sa at dere skal komme opp med ein handlingsplan for antisemittisme og støtter Erekat & Co med drøye 800 millonar kvart år.

Eller det faktum som Senter mot antisemittisme skriver i nr. 1 2015: «Tilsaman 870.000 jøder var i åra 1948–1950 drevet ut av arabiske land. Dei aller fleste vart busatt og assimilert i Israel, mens nokon vart sendt tilbake til andre vestlege land. Ingen av dei jødiske flyktningane mottok nokon form for hjelp eller bistand frå FN sitt hjelpeapparat.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei arabarane som flykta frå israelske områder i 1948 og som ikkje fulgte oppfordringa om å vende tilbake, vart ikkje integrert i arabiske land, men lever endå som flyktningar – p.t. i tredje og fjerde generasjon – fordi ingen arabiske land vil ta hand om dei. FN-organet UNWRA og arabiske land med støtte frå mellom anna Norge har av politiske grunner brukt astronomiske beløp for å behalde dei som statslause flyktningar og gisler i kampen mot Israel…»

For å auke kunnskapen om dette temaet, ber eg dere lese meir om dette i boka: «Frå uminnelege tider» av Joan Peters (www.energica.no). Eg ynskjer regjeringa lykke til med det vidare arbeidet – og husk at den som velsigner Israel vert sjølv velsigna.

Mer debatt:Her er de siste 100 publiserte meningsinnleggene i Dagen