| Debatt
Prøv alt, og hald fast på det gode
PROFETIAR: Profetiar har ulik kvalitet. Anden talar på ulikt vis gjennom ulike personar. Det ser me også i Det gamle testamentet, skriv Jens Thoresen.
Odd Mehus
I debatten om profetisk tale i vår tid, vil eg koma med nokre merknadar:
Å tala profetisk er den viktigaste av alle Andens gåver. Den byggjer opp kyrkja meir enn noko anna. Berre kjærleiken er meir effektiv. Difor ber apostelen Paulus kyrkja i Korint, og med det også oss, om å streva etter å tala profetisk.
Profetiar har ulik kvalitet. Anden talar på ulikt vis gjennom ulike personar. Det ser me også i Det gamle testamentet.