«Israels krigføring er ikkje uproporsjonal, korkje med tanke på tidsbruk eller maktbruk – tvert imot», skriv Johannes Kleppa. Bilete er frå Gaza denne veka. Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB scanpix

Proporsjonal eller uproporsjonal 
krigføring

Det er eit prinsipp i rettferdig krig at det skal vera samsvar, eller proporsjonalitet, mellom dei verkemidla ein brukar i sitt forsvar i høve til det angrepet ein er utsett for. Det har vorte som eit mantra at Israel bryt dette prinsippet i høve til angrepa frå Hamas. Det er eit voldsomt fokus på Israels reaksjonsmåte. Utanriksminister Børge Brende talar stadig om at Israels krigføring er uproporsjonal, og at det fører med seg store sivile tap på palestinsk side. Presset vert med det mot Israel med tanke på våpenkvile og fred. Her fylgjer Brende i spora etter Jonas Gahr Støre. Dei har begge i stor grad innteke ein naiv og urealistisk posisjon til Midtausten-konflikten.

Når det er spørsmål om proporsjonalitet, spørst det kvar ein samanliknar. Sett frå fredelege Noreg, vil nok det ta seg heilt annleis ut enn om ein ser det frå Israel som står under trussel om å verta utsletta. Dette gjeld sjølve ideologien i konflikten. Den enklaste samanlikninga er drepte på kvar. Israel er då nødt til å tapa i «proporsjonalitet», fordi Israel har best utrusta soldatar og dei er mykje betre til å forsvara den sivile folkesetnaden. På Gaza-stripa er det ikkje berre mykje folk på ei lite område, men det er i røynda ikkje ei skilje mellom sivile og militære.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det djupare, men også vanskelegare, spørsmålet om proposjonalitet går på målet med krigføringa og med det på strategi og verkemiddel. Ein slik innfallsvinkel kan gå på det overordna spørsmålet om Israels eksistens, men her tenkjer eg primært på Israels målsetjing for dagens krigføring. Journalistisk er dette ei langt vanskelegare sak enn å rapportera frå sjølve krigshandlingane. Det krev stor oversiktig og ein analyse som ikkje kan gjerast ved kjappe kommentarar og biletglimt. Den kunnskapen vi generelt får gjennom media, set oss ikkje i stand til å gjera dette analysearbeidet sjølve, og då fell ein lett inn i koret om uproporsjonalitet.

Israel har truleg tre mål for sin militære operasjon denne gongen. Det ein, og mest synlege, er å setja alle utskytingsramper for rakettar ut av spel og destruera så mykje militært materiell som mogleg. Sjølv med presis og skånsom krigføring vil det diverre gje sivile tap på palestinsk side, men få israelske tap. Det andre er å øydeleggja tunnelane som smuglar våpen inn i Gaza og terroristar inn i Israel. Dette krev tid og tolmod frå israelsk side, og det fører med seg tap av soldatar. Det tredje, og aller vanskelegaste, er å øydeleggja Hamas sine underjordiske kommandosentralar, som endatil er lagde under sjukehus. Med det utstyret og den måten Hamas fører krig på, er dette ekstremt vanskeleg om ikkje tap av soldatar for Israel og sivile tap i Gaza skal verta stort.

Sett i dette perspektivet er ikkje Israels krigføring uproporsjonal, korkje med tanke på tidsbruk eller maktbruk – tvert imot.