| Bokmelding
Professoren teiknar bibelmotiva bedehusa overser
BOKAKTUELL: Professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo, Dag Øistein Endsjø, er aktuell med ei bok om menneska sitt tilhøve til dyra.
Privat
Dag Øistein Endsjøs religionshistoriske vrinsk, voff og vralt kan vera nett den boka du ikkje visste du ønska deg til jul.
På garden der eg vaks opp, hadde vi ein arbeidshest. Fjordingen Samson gjorde si trufaste teneste sommar som vinter. Han var ein del av del av kvardagen. Ein eg var glad i, rett og slett. Men relasjonen vår til dyra bør ikkje berre parkerast saman med gryta hennar mor som "ljose barneminne".
Bibelens Gud elskar skapningane han let vrimla fram før menneska vart forma. Min barnlege kjærleik til alle dei med pels og pote har ei kopling til Herrens glede i det skapte.