❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Problemet er ikkje tariffavtalen, det er kven som er part

STREIK: I norsk arbeidsliv inngår arbeidstakarorganisasjonar og arbeidsgivarorganisasjonar dagleg avtalar på tvers av ulike, og til tider motstridande, verdisyn, skriv Steinar Vegsund Strømsli (biletet).
Publisert Sist oppdatert

Styreleiaren ved Bergen Kristne Grunnskule seier i eit intervju til TV12-Nyhetene på Bedehuskanalen førre veke at skulen opplever at verdiane til Utdanningsforbundet er annleis enn deira eigne. Dette er første gongen vi får noko som liknar ei forklaring på kvifor skulen nektar å inngå tariffavtale.

I eit lesarinnlegg av Tove Ingjerd Grønlund i Dagen 20. april, vert det uttrykt liknande tankar og det blir antyda at skulen kan frykte å få ein organisasjon «som ikkje vil dei vel» og som kan gripe inn i tilsetjingar.

Begge desse innspela peikar i same retning: Det er ikkje tariffavtalen i seg sjølv som er problemet, men kven som er motpart.

Powered by Labrador CMS