| Debatt
Pride: Mangfald eller einsretting?
PRIDEMARKERING: Under naturens regnboge er alle menneske like mykje verdt. Både dei som markerer pride og dei som ikkje gjer det, skriv Jenny Klinge.
Heiko Junge / NTB / NPK
Under naturens regnboge er alle menneske like mykje verdt. Uansett kven dei måtte forelske seg i. Og uansett om dei liker å gå i flokk eller ikkje.
Eg har støtta homokampen sidan eg vart klar over tematikken som ung tenåring. Samtidig ønskjer eg, som mange andre, å sleppe å måtte markere dette på bestemte vis.
Ekte toleranse handlar ikkje om at alle skal måtte gjera likeins, men om å tole at andre vel annleis enn vi sjølve.