For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Frispark

VETERANAR: Til vanleg dukkar det opp 60–70 på desse TSF-samlingane, men no var det nær 100. Grunnen var at Gro Harlem Brundtland skulle halde foredrag, skriv Hallgrim Berg.

Politikk blant veteranar

Publisert Sist oppdatert

Det var ikkje rart at dei møtte fram, veteranane, då TSF (Tidligere Stortingsrepresentanters Forening) hadde møte i Stortinget sist veke. Til vanleg dukkar det opp 60–70 på desse samlingane, men no var det nær 100. Grunnen var at Gro Harlem Brundtland (84) skulle halde foredrag. Refleksjonar frå eit langt politisk liv … og med høve til å stille henne spørsmål om kva som helst … Dette måtte bli bra!

Me hadde helsa på gamle kjende i framkant, blant anna ei blid Valgerd Svarstad Haugland saman med eminensane i KrF, Einar Steensnæs og Odd Holten. Dei tidlegare Høgre-ministrane Arne Skauge og Anders C. Sjaastad, og den evigunge Inger Lise Skarstein kjende me vel frå Willoch-tida, og frå Arbeidarpartiet Kirsti Kolle Grøndahl og Erik Dalheim. Sistnemnde overtok formannsklubba etter underteikna, som hadde gleda av å styre foreininga i seks år. Dalheim er perfekt i rolla som leiar; seriøs, morosam og tverrpolitisk inkluderande.

Det var ei viss spaning i lufta i det fullsette Auditoriet. Me måtte ikkje kaste bort tida og vera langdryge, for her skulle det òg vera plass til hyggeleg samvær: Det venta oss snart ein betre middag som presidentskapet attpåtil var rause nok til å spandere på alle oss tilreisande fattigfolk.

Powered by Labrador CMS