| Debatt
Pengar, politikk og fastlegar
FASTLEGETAKSTAR: Det er berre ein ting å gjere, Vestre (foto). Det er å snu i tide, skriv Kjersti Toppe.
Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre skriv i Dagen 24. juli om dei nye takstane for fastlegane sitt arbeid. Målet er ifølgje Vestre at pasienten skal få meir tid med fastlegen sin. Vi kan alle vere einige i at legar må få meir betalt for pasientarbeid som tar lengre tid.
Men kritikken går ikkje på det, men at Vestre og regjeringa innfører eit heilt nytt prinsipp der auka betaling koplast mot eit visst resultat av legebesøket. Sjukmelding gir mindre pengar, delvis sjukmelding eller ingen sjukmelding gir legen meir pengar.
Fastlegeordninga i Norge har vore suksess og tenesta hamnar høgt oppe på omdømmemålingar. Etter nokre år med rekrutteringssvikt, ser ein no igjen ein positiv trend der færre står utan fastlege og fleire legar blir fastlegar. Kontinuitet som fastlegeordninga er bygd på, er ein kvalitet som ein ikkje må undervurdere. Når pasient og lege kjenner til kvarandre, byggjer det tillit.