| Debatt
Paven er velkomen til å feire kristninga, men kvifor?
KYRKJELÆRE: Kven representerer den eine, universale kyrkja før reformasjonen, spør Arve Brunvoll.
Johanna Hundvin Almelid
I avisene las vi for ei tid sidan at KrF-leiar Dag-Inge Ulstein vil at regjeringa skal invitere pave Leo XIV til feiringa av Olavsjubileet i 2030. Fleire har støtta Ulstein sitt framlegg. Det er ein tanke som vi også gjerne vil støtte.
Problemet er grunngjevinga av at paven må inviterast. Ulstein seier iflg. Dagen og andre publ. at: “Norge etter 1030 fremdeles var et katolsk land i 500 år før reformasjonen”.
Det kan sjå ut som om Ulstein (og Dagen) meiner Noreg før reformasjonen var ein del av det som no er Den romersk-katolske kyrkja. Det vil i tilfelle stride beint mot ein protestantisk, hjå oss luthersk, ekklesiologi, dvs. læra om kyrkja. Dette er ikkje eit nøytralt spørsmål om historiske samanhengar og kristne tradisjonar o.a. Spørsmålet er: kven representerer den eine, universale kyrkja før reformasjonen?