Meninger
NLM: Misjonssambandet har eittåringar på mange av misjonsfelta, og for enkelte fører det året til at ein siktar seg inn på studiar som kan brukast i misjonsteneste og ein blir seinare langtidsutsending, skriv Olav Vestbøstad.
Herman Frantzen
Pause frå kvardagen med fare for å bli hekta på misjon
Dei siste sju åra har eg vore med på å rekruttere nye langtidsutsendingar for Misjonssambandet. Det har vore flott å få møte så mange dedikerte og brennande menneske som kan sjå for seg fleire år i tverrkulturell misjonsteneste.
I møte med desse har det slått meg at svært mange av dei som søkjer på langtidsteneste har hatt eitt eller fleire besøk på eit misjonsfelt før dei hamnar i langtidsteneste.
Kvart einaste år reiser to ungdommar frå kvar av Misjonssambandet sine vidaregåande skular på feltbesøk i samband med at skulen har valt dette landet som misjonsprosjekt.