Johannes Kleppa skriver spalten «Innspill» I dagen hver uke. Foto: Magnar Børnes

Pannenberg og MF - erfaringa og fornufta

Ein av dei teologane som har hatt aller sterkast innverknad på teologien dei siste femti åra, er Wolfhart Pannenberg (1928-2014), skriv Johannes Kleppa.

Det er i alle fall tre norske professorar som har si doktorgrad på denne teologen. Eg er på ingen måten nokon kjennar av Pannenbergs teologi, men ut frå det inntrykket som over tid har danna seg, har det undra meg at han har fått den posisjonen han faktisk har fått, også i delar av konservativ teologi.

Ein av dei som har doktorgrad på Pannenberg, og som også i svært stor grad er prega av hans teologiske grunnlagstenking, er Jan-Olav Henriksen, forskningsdekan ved MF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nesten som eit fagleg minneord har Henriksen skrive ein presentasjonsartikkel av Pannenberg og hans teologi, særleg med tanke på forståinga av trua, fornufta, historia og openberringa, «Gud i historien» (Teologisk Tidsskrift nr. 1/15).

Eg finn denne artikkelen tankevekkande, ikkje minst når det gjeld Henriksen si eiga teologiske utviklinga og utviklinga ved MF, særleg det som gjeld bibelsynet.

Henriksen skriv at Pannenbergs teologi vart som ein katalysator for «mange av dem som var på leting etter nye måter å utvikle teologi på i forhold til dem som dominerte på 1960-tallet». Han seier at det også gjaldt «mange av oss som hadde en bakgrunn i en mer tradisjonell konservativ norsk luthersk kontekst», og at dei opplevde «Pannenbergs posisjon som både befriende og langt mer gjennomarbeidet» enn det som gjekk for å vera gangbar teologi då. Dette er det grunn til å merka seg.

Pannenberg la avgjerande vekt på at Gud er i historia, og «det er historien som åpenbarer hvem Gud er, og at all kunnskap vi har om Gud, bare er tilgjengelig gjennom historien». Dette kan synast nokså uproblematisk, fordi det er ei viktig sak at Gud er historia sin Herre, og at Gud alltid og berre har openberra seg i historia. Det skjedde i frelseshistoria i GT, og det skjedde ved openberringa i Kristus – som var ein bestemt person, på ein bestemt stad, i ei bestemt tid i historia.

Det er likevel noko anna som ligg i dette hjå Pannenberg, og som Henriksen har adoptert, nemleg at gudsopenberringa ikkje er avslutta ved GT og NT, men at gudsopenberringa held fram i historia ut frå den erfaringa vi stadig gjer, og ut frå den måten vi tolkar erfaringa gjennom fornufta vår på. Av denne grunnen er det umogleg ut frå Pannenbergs teologiske posisjon å grunngje Skrifta sin einskap ut frå ein formal skriftautoritet, og det er umogleg å la «Skrifta åleine» vera basis for teologien.

Dette skaper ein ny type erfaringsteologi med utgangspunkt i den erfaringa vi har på vårt tidspunkt i historia og i møte med tida. Denne erfaringa må gå gjennom fornufta vår, og ho styrer tolkinga av Skrifta. Som Den katolske kyrkja har Skrifta og tradisjonen, får vi på protestantisk side Skrifta og fornufta (erfaringa) – og det siste vert verre enn det første.

Les også
Menighetsfakultet – basis og endringar
Les også
Bevissthet om dåp
Les også
Fortsatt for få som søker prestestudiet
Les også
Like mange som tror og ikke tror på Gud