Det er ikkje gjeve noko svar på kva basisparagrafen har å seia for arbeidet ved MF, og med det vert inntrykket av eit fakultet i fri teologisk drift stadfesta og forsterka, skriv Johannes Kleppa.

Menighetsfakultet – basis og endringar

Det er over hundre år sidan Menighetsfakultetet (MF) vart oppretta. Over så lang tid er det naturleg og nødvendig at det skjer til dels store endringar.

Det må vera slik at grunnleggarane ikkje ville kjent seg att om dei dukka opp i dag – når det gjeld dei ytre forholda. Alt som har med bygningar, offentleg rammeverk, studieplanar og studietilbod må fylgja med utviklinga og behova i tida. Dette treng ein ikkje lange føredrag eller kronikkar til å argumentera for.

Det som derimot gjeld føremål og basis stiller det seg annleis med. Føremålet kan måtta verta utvida etter som utdanningssamfunnet krev fleire typar kunnskap. Kjernen bør likevel liggja fast, og for MF sin del skulle det vera å utdanna bibeltru prestar til Den norske kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Basisen bør vera uendra, sjølv om aktualiseringa av denne også må vert endra med endring i studietilbod og fagplanar. For MF sin del i er basisen Bibelen og den evangelisk luthersk vedkjenninga, og innan og i samsvar med denne plattforma skal alle undervisning og forsking skje.

Når fleire dei siste åra har hevda at dei ikkje kjenner MF att, er det med tanke på basisen og kva denne har å seia for fakultetet. Det gjeld med andre den teologiske profilen, det som gjeld forskinga og undervisninga – altså kva teologi og lære som kjem ut frå MF. Det er fleire av oss som har hevda at endringa er så stor at vi har mista tilliten til MF som teologisk institusjon, sjølv om det er einkildpersonar som ein gjerne lyttar til.

Det er faktisk nokså oppsiktsvekkande at MFs store dogmatikar den siste generasjonen, professor Torleiv Austad, no har stilt fundamentale spørsmål til MF-leiinga med utgangspunkt i fakultetets basis (Luthersk Kirketidende nr. 9/15), «Hvorfor er ikke MF til å kjenne igjen?»

Utgangspunktet for spørsmåla er at forskningsdekan Jan-Olav Henriksen har hevda at paragraf 1 i grunnreglane krev «en helt annen lesning i dag enn da den ble formulert i 1907». Austad vil vita kva denne nye lesinga går ut på. Han tek i den samanhengen opp spørsmål som gjeld ikkje-lutherske lærarar og «MF-bevisstheten», openberringa og fornufta, Skrifta og vedkjenninga, teologi og vitskaplege trendar, ekteskapet og homofilispørsmålet.

Austad er ein grunnlærd systematikar som har tent MF heile livet sitt, samstundes som han er ein forsiktig person. Det gjev ekstra grunn til å ta argumenta og spørsmåla hans på stort alvor. Austad høyrer til den MF-generasjonen som opna for kvinnelege prestar, og har slik sett også han ansvar for den negative utviklinga. Det som har skjedd dei siste 10-15 åra, er like fullt av ekstraordinær karakter.

Det svaret MF-leiinga så langt har gjeve, tenderer til å vera arrogant og er av uforpliktande karakter. Det er ikkje gjeve noko svar på kva ­basisparagrafen har å seia for arbeidet ved MF, og med det vert inntrykket av eit fakultet i fri teologisk drift stadfesta og forsterka.

Les også
Fortsatt for få som søker prestestudiet
Les også
Kirkemøtets debatter kan du se i opptak her
Les også
Historisk lavmål for barnedåpFerske tall