| Debatt
Oslo treng ikkje ein teologisk liberal biskop
BISKOP: Sunniva Gylver vigslet til ny biskop i Oslo bispedømme i Oslo domkirke.
Fredrik Varfjell / NTB
Oslo har fått ny biskop, Sunniva Gylver. Ho har fått stor mediedekning i ulike samanhengar, og ho er positivt motteken nær sagt over alt. Eg kjenner ikkje Gylver personleg, men ho står fram som ein hyggeleg og engasjert person, på ein litt uvanleg og original måte. Slik sett er det rett og naturleg at ho vert positivt omtalt, men det er teologien som skal avgjera om ein person er eigna som biskop eller ikkje.
Det same gjeld for all forkynning og åndeleg leiarteneste. Analyserer ein Gylver sin teologi med tanke på den generelle teologiske profilen, frelsesspørsmålet og spørsmålet om kjønn og samliv, er det heilt tydeleg at ho er teologisk liberal.
Det har vorte sagt frå teologisk konservativt hald at Oslo treng henne som biskop, og det vert særleg framheva at ho maktar å snakka om Gud i det offentlege rommet, at ho er ein dyktig kommunikator, at ho er uredd og at ho er eit friskt pust inn i kyrkjeleiinga.