| Kommentar
Oslo 8. mars 2024: Ein antisemittisk skamplett på norsk kvinnerørsle
Og eitt år etter har ingenting skjedd.
IKKJE FOR ALLE: Den jødiske gruppa som i fjor vart hindra frå å gå i 8. mars-tog i Oslo.
Eivind Tveter
I år er det 110 år sidan første kvinnedagsmarkeringa her til lands. Det aller første arrangementet var eit folkemøte for fred i regi av Kvinneforbundet i Arbeidarpartiet.
Sidan den gong har kvinnedagen hatt sine høgdepunkt og lågmål. Vi kvinner er ikkje samde om kva som er kva.
Kvinnedagens enkle premiss skulle uansett vera ei samling rundt det spesifikt kvinnelege. Kvinners behov, kvinners eigenart, kvinners rettar. Kvinners blikk på verda.