Leder
GRANSKING: Dagfinn Høybråten, leiar av Sannings- og forsoningskommisjonen, overleverte rapporten til Stortingspresident Masud Gharahkhani 1. juni.
Hanna Johre/NTB/NPK
Oppgjer med norsk rasisme mot samane
Det er lett å være etterpåklok. Når det gjeld fornorskinga av samisk språk og kultur, skulle ein likevel ønskje at den norske staten hadde kopla inn vitet mykje tidlegare.
1. juni la Stortingets sannings- og forsoningskommisjon fram rapporten sin. Kommisjonen har granska statens fornorskingspolitikk og konsekvensane av den. Fornorskingspolitikken har spesielt råka samar, kvener og skogfinner.
Begrunna blant anna med eit ønske om nasjonsbygging og omsynet til nasjonal tryggleik, som ein meinte blei utfordra av «framande» folkegrupper i landet, blei fornorsking eit politisk mål.