Meninger
TRUANDE: I Apostelgjerningane og i brevlitteraturen ser me at det er krevjande for det kristne fellesskapet å ta mot nye truande. Det kan skape både konfliktar og spenningar. Dersom det ikkje lukkast, er sjansen stor for at ein glir bort, skriv Olav Vestbøstad.
Adobe Stock
Omvendt ein gong for alle?
Eit mål i all kristen misjon er at fleire skal få del i den glade bodskapen at dei er elska av Gud. Det kan skje på ulike måtar. Nokre møter Guds kjærleik gjennom gode gjerningar utførte av kristne dei møter.
Andre møter evangeliet gjennom lesing av Bibelen eller kristen litteratur, eller dei høyrer bodskapen forkynt, anten frå ein talarstol eller i samtale med ein kristen. Nokre høyrer det også gjennom mediekanalar som radio, tv og internett.
Då Paulus talte for Areopagosrådet i Athen i Apostelgjerningane 17 førte det til tre reaksjonar. Nokre var negative og avviste det dei høyrde. Den andre gruppa var interesserte og kunne tenkjer seg å høyre meir seinare.