| Debatt
Omsorg+, eit verdig og framtidsretta tilbod for eldre
VERDIG ALDERDOM: Økonomi skal ikkje avgjere om ein får tilgang til ein trygg og verdig alderdom, skriv Anne Kristin Bruns.
Privat
Stavanger KrF har over tid arbeidd saman med fleire aktørar for å få på plass Omsorg+, og det er særleg gledeleg at dette no skjer i samarbeid mellom kommunen, ideelle og private aktørar.
For oss i KrF er dette samarbeidet avgjerande for at vi skal klare dei oppgåvene vi som kommune har ansvaret for. Dette er ei glad sak. Men det hastar. Vi må byggje fleire slike tilbod samtidig. I Stavanger si omsorgstrapp manglar nettopp dette trinnet – eit tilbod mellom det å bu heilt heime og institusjonsplass.