Hallgrim Berg.

Nyttårstankar rundt det nye Nårvei

Så tidleg som i 2030 viI tre av fire elevar i hovudstaden ha eit anna morsmål enn norsk.

Mellom 1980 og 2050 blir Noreg meir eller mindre ugjenkjenneleg. Nutane vil stå, men folket blir bytta ut i rekordfart.

Kulturen følgjer menneska. Den nasjonale kulturen blir utsett for spitord og mistankar. Fedrelandskjærleik er suspekt. Tradisjonell sed og skikk blir avleggs. Språket blir marginalisert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I eit land med mange separate og mobile minoritetar, med ei mengd analfabetar, blir Basic English eit minste multiplum for kommunikasjon mellom folkegruppene. Norvegr, Noreg, Norge vert ikkje Norway, men Nårvei, med sosialdemokratisk uttale.

Så lenge dei fleste folkevalde og dei sterkaste pressgruppene i landet ikkje går inn for at dei nye hundretusentals skal assimilerast i den norske kulturen, vil ideen om «fleirkultur» stå som eit mål og eit gode for samfunnet.

Det er lagt opp til både seks og sju millionar innbyggjarar i Noreg innan nokre få tiår. Det er visst alt bestemt? Raymond Johansen slår ut med armane og seier stolt at «her i byen skal det inn 200.000 på noen år.»

Ola og Kari har sjølve aldri vore over fire millionar. Me er alt sakte på veg ned mot tre. Så tidleg som i 2030 viI tre av fire elevar i hovudstaden ha eit anna morsmål enn norsk. Det rådande mantraet i Europa er velferd og omsorg for alle. Men innan 2050 har velferdsstaten, i vår forstand av ordet, for lengst brote saman.

Dysfunksjonelle statar i Nord-Afrika og Asia, saman med den europeiske asylindustrien, leverer frå seg/pressar inn så mange nye millionar menneske at våre samfunn aldri maktar å integrere dei tidsnok.

I staden for jamn, gradvis integrering veks det fram segregering, gettoliknande tilstandar, der store grupper heller ikkje vilbli integrerte i vår likestilte og fordervelege kultur.

Ingen klagar på svenske servitørar og polske handverkarar; dei har den same vestlege kulturen og religionen i botnen, og lever sine liv med felles historie og referansar. I tillegg er dei ivrige til å arbeide.

I mi tid las eg alle Lars Roar Langslets skrifter om konservatisme. Med inspirasjon frå Edmund Bruke skreiv han om kjenneteikna for denne ideologien: gradualisme, sakte, harmonisk utvikling, der ein ser samfunnet som ein organisk heilskap, eit tidlaust livssyn med feste i djupe røter.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vår kulturarv byggjer på Jerusalem, Roma og Aten. Bråe omveltingar og revolusjon er det verste eit samfunn kan koma ut for.

Dagens innvandringspolitikk i Europa, ikkje minst menneskeflaumen mot Sverige og Noreg, vil den komande mannsalderen føre til omveltingar me hittil berre har sett omrisset av. Kall det gjerne ein kulturell og religiøs tsunami.

Rekordmange søkte og fikk asyl i Sverige i 2014

Kapitalen, globale selskap, bedriftseigarar og liberalistiske tankesmier som Civita applauderer all arbeidsinnvandring med sikte på lågare lønskostnader og høgare profitt for arbeidsgjevarane.

Den politiske venstresida applauderer asyl og innvandring med sikte på at dei nye misnøgde massane etter kvart skal røyste sosialistisk. Og det politiske sentrum, den ekstreme sentrumspopulismen, som overgår alle i offentleg pengebruk og diffus humanisme, jagar opp stemninga mot alle som prøver å trø på bremsepedalen.

Brochmann-utvalet fann ut at ikkje-vestlege innvandrarar ber med seg ein kostnad på 4.1 millionar kroner per person for Noreg. Det er i seg sjølv ein direkte trussel mot den økonomiske berekrafta i landet.

Eg heldt på å seia: Det får så vera. Verre er det med kulturen og demokratiet.

Snart er det femti millionar ikkje-vestlege i Europa, i hovudsak muslimar. Dei er langt frå like, og må ikkje skjerast over ein kam. Tankegang og levemåte skil mykje. Men ein overraskande stor del held likevel fast ved islam, også etter at dei er flykta eller komne til Europa for å sleppe vekk frå liding, diskriminering, hjernevask og anna elende i sine heimland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Som døme, er det mest utruleg at nær 40 prosent av muslimske studentar heller vil ha sharia-lovgjeving i Storbritannia enn parlamentarisk demokrati.

Står dei folkevalde oppreiste for Vestens tradisjon og kultur? Nokre ytterst fåe, ja! Men akkurat som redaktørane, mediekanalane og forlaga, er dei fleste redde.

Frykt styrer i praksis stadig fleire avgjerder, innpakka i pompøse ordelag om dialog og toleranse. I praksis er det tale om dagleg tilpassing og tilrettelegging for muslimske interesser på stadig nye samfunnsområde. Tusen døme kan gjevast.

Det er ikkje tale om snikislamisering, men islamisering. Kvifor så spake reaksjonar og veik vilje?

1968-generasjonen har bygt opp eit samfunn der vondskapen er avskaffa. Det kan ikkje hende oss noko vondt av di me alle er så gode. Difor kan me byggje ned forsvaret og politiet, autoritetar, disiplin, kristendomen, nasjonalkjensla, det kulturelle forsvaret for den vestlege kulturarven og demokratiet.

Me kan la kyrkja preike meir om klima og olje enn om nåde og frelse, og me kan la Islam Net avvikle dei hatefulla møta sine i Oslo utan uro i pressa, og me kan som Hadia Tajik ta imot heimvendte krigarar frå Syria med ein klem og ein koran, for å få dei på betre tankar.

Godt nytt år?

Les flere artikler der Hallgrim Berg er nevnt - og kan du finne flere innlegg fra vår faste lørdagsspalte Frispark.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Frp ønsker burkaforbud
Les også
Ventar og håper på «ja»
Les også
– Vi visste ikke at det fantes slaver i NorgeMenneskehandel
Les også
Terrortrusler, storstreik og unormalt vær preget 2014
Les også
Anundsen vil nekte flere straffedømte innreise