LYS I MØRKE: Nytt år, men Herren er ikkje ny. Han som gjorde lys midt i mørke, skriv Gudleik Himle.

«Gratulera med ein ny dag!»

Trygve Bjerkrheim (songforfattaren) sa ikkje sjeldan då han byrja timen på Bibelskulen. «Gratulera med ein ny dag. Ein dag som ikkje har våre før, ein dag som ikkje kjem att.»

Dagen var ny, rein og uprøvd. Ein dag med så mange mulegheter. Ein dag som me fekk, som vart oss gjeven. Ein dag me ikkje har skapa, men fått.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var mørkt, bekmørkt, berre mørkt. 1 Mos 1,2 Og jorda var aud og tom, mørker låg over det store djupet, og Guds Ande sveiv over vatna. Mørke låg og trykte, inga lysning å sjå.

1 Mos 1,3 Då sa Gud: Det verte ljos! Og det vart ljos.

Ny dag. Gud skapte den. Lyset fortrengde mørke. Han tente lyset, skapte liv. Ordtaket seier. «Det er betre å tenna eit lys enn å forbanna mørket», Gud gjorde det.

Nokre av oss har fått mange dagar, og mange år. Mange dagar attom. Nokre glade og gode dagar, andre mindre gode eller smertefulle. Når dei seier gamling til meg, ja, då tek eg det som ein ærestittel, sa ein til meg, då eg ikkje var gammal. Han tenkte på dei mange som ikkje fekk oppleva å bli så gammal som han.

Nokre lever i det som var, ikkje i det som er, lever i fortida, lever i det som var.

Endringar kjem. Var ugift – men er gift. Vart far, svigerfar, fekk barnebarn ja oldebarn. Der kom til noko nytt.

År ligg attom, takk for det. Kor mange dagar me har att, veit ingen utan Herren som har talt dagane våre, både dei gode og dei vonde.

Jesus kom. Dei som granska skriftene viste kvar Han skulle koma. I Betlehem. Vegen viste dei, men gjekk ikkje, og fann ikkje Frelsaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nyhende var det. Frelsaren var kommen. Kom for å frelsa, kom for å søkja dei som ikkje søkte.

Liv vart forandra i møte med Han. Tidsrekninga vart og endra, no talar me om før og etter Jesus fødsel.

No talar me om før eg møtte Jesus og etter.

Noko nytt hende her oppe i nord. Jesus hadde oss også i tankane då han gav misjonsbefalinga. Læresveinane ana sikkert ikkje noko om Noreg. Men Jesus døydde også for oss.

Ordet kom, nokre hadde fått ei drivkraft, noko som låg der inne og måtte ut. Evangeliet gjekk ut, dreiv ut. Jesus talar om å verta drivne ut. Paulus talar om at Kristi kjærleik tvingar han. Evangeliet styrer han.

Nytt år, men Herren er ikkje ny. Han som gjorde lys midt i mørke. Han som kalla Lasarus ut av grava. Som forkynte. Dine synder er deg forlatne. Han er den same i dag og. Han har ikkje endra seg. Han har makt på jord til å forlata synder.

«Har du mange synder Jesus deg forkynner, gjelda er betalt.»

Signerikt Nyttår!