Leder
SJEF: Stemmesyntesen i Alltid nyheter sorterer sikkert under eitt eller anna teknologi-departement i NRK. Men sjef for utanriksavdelinga, Sigurd Falkenberg Mikkelsen bør innsjå at denne KI-bruken skadar formidlinga av utanriksstoff.
Wikimedia commons
NRKs raffinerte KI-mord på utanriksstoffet
NRKs billege KI-stemme skulle gjera utanriksstoffet meir tilgjengeleg, men flyttar det likevel lengre vekk frå oss alle. Gjer det oss også mindre empatiske?
Eg har faktisk ikkje tal på kor mange radiosendingar eg har høyrt i bilen, der eg tek meg sjølv i å vrenga vekk eit interessant og viktig innslag frå eit land eg må anstrenga meg for å hugsa hovudstaden i.
Og det er ikkje fordi landet er fjernt at eg melder pass.
For det er nettopp slike innslag eg veit eg har godt av. Slike som hjelper med å koma ut av snever sirkling rundt norsk navlelo. Eg treng meir fallande krimstatistikk frå ein favela enn sydenklare feriefjes frå Gardermoen, for å seia det slik.