Norske våpen til Israel

I staden for å innrette salet av våpen eller boikott etter krigsprinsippet, burde politikken fremjast i høve til demokratiprinsippet.

Me likte godt dei sig­na­la som kom frå leia­ren i Is­ra­els Ven­ner i Stor­tin­get denne veka: Jø­rund Ryt­man (Frp) mei­ner det er på høg tid å av­slut­te boi­kot­ten av norsk vå­pen­sal til Is­rael.

Ein av Høg­res stats­sek­re­tæ­rar i UD, Bård Glad Pe­der­sen, gjer i Dagen i dag sitt beste for å skyte ned ut­spe­let frå sin eigen re­gje­rings­part­nar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men siste ordet er ikkje sagt i denne saka. Me mei­ner at støtte­par­ti­et Kris­te­leg Folke­par­ti bør tone flagg. Ein kan ikkje over­late til Frp å fron­te dette vik­ti­ge prin­sipp­spørs­må­let ålei­ne.

Det nors­ke re­gel­ver­ket for vå­pen­sal til Is­rael er moge for re­vi­sjon. I dag kan Noreg im­por­te­re våpen og vå­pen­ut­styr frå Is­rael, men han­de­len kan ikkje gå den andre vegen. Også vå­pen­kjø­pet er re­gu­lert. Blant anna kan ikkje ver­di­en av ein­skil­de inn­kjøp stige over ein viss sum utan å ut­løy­se av­ta­lar om gjen­kjøp.

I dag er ho­vud­re­ge­len at Noreg ikkje vil til­la­te sal av vå­pen- og ut­styr til om­rå­de der det er krig eller trugs­mål om krig. Teo­re­tisk høy­rest det greitt ut, men røyn­do­men i verda er ann­leis.

Vår frems­te al­li­er­te, USA, er jo eit land som er krig; rett nok ikkje mot andre na­sjo­nar, men mot den in­ter­na­sjo­na­le isla­mis­tis­ke ter­ro­ren som tru­gar in­ter­es­ser i heile den vest­le­ge og de­mo­kra­tis­ke verda.

I dag ope­rer USA mi­li­tært i ei rek­kje land, som Af­gha­ni­stan, Pa­kis­tan og andre sta­der. Like fullt har me eit nært sam­ar­beid med USA. Sjølv­sagt.

Me eks­por­te­rer jam­vel våpen til andre na­sjo­nar som råkar ut i kon­flikt­si­tua­sjo­nar. Det gjeld til dømes Tyr­kia, som i lange tider har hatt ein blo­dig strid med den kur­dis­ke mot­stands­rørs­la PKK.

I sta­den for å inn­ret­te salet av våpen eller boi­kott etter krigs­prin­sip­pet, burde po­li­tik­ken frem­jast i høve til de­mo­krati­prin­sip­pet.

Då må Is­rael, utan at­ter­hald, rek­nast med. Is­rael står som eit eins­leg de­mo­kra­ti midt inne i eit hav av des­po­tis­ke re­gi­me. I den harde stri­den for å kunne over­le­va i dette granne­la­get treng Is­rael all den til­gan­gen til for­svars­vå­pen som lan­det kan få. Is­rael står i frems­te line for å kjem­pe mot den ag­gres­si­ve isla­mis­tis­ke trus­se­len, og som våre vener bør me ikkje gjera kam­pen deira vans­ke­le­ga­re enn naud­synt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ikkje over­ras­kan­de er det Eskil Pe­der­sen i AUF som går har­dast ut mot ut­spe­let om å opne for vå­pen­sal til Is­rael, slik Ryt­man har skis­sert. Han må gjer­ne ar­gu­men­te­re kvi­for han mei­ner det er rett å nekte Is­rael nors­ke våpen.

Men me kan ikkje mot­stå freis­tin­ga til å minne Pe­der­sen om at han til­høy­rer det par­ti­et som - his­to­risk sett - har gjeve det ster­kas­te bi­dra­get til Is­ra­els mi­li­tæ­re slag­kraft. Det gjeld salet av norsk tungt­vatn til Is­rael på slut­ten av 1950-åra, som lei­an­de krin­sar i Ar­bei­der­par­ti­et var klar over at Is­rael ville nytte til ut­vik­ling av eigne atom­vå­pen. Li­ke­vel sa ein ja til eit slikt sal. Sa­man­lik­na med slik slag­kraft vert am­mu­ni­sjo­nen frå Rau­foss som lite å rekne.

Les også
Arbeiderpartiets u-svingKorset og Davidsstjernen
Les også
Avviser samarbeid med Israel
Les også
- Vi samarbeider snart med Israel
Les også
Hit kommer ingen norske missilerEksport til Israel