😎 Første måned for 1 krone

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Leder

Norsk skule treng minst av alt eit hemmande «fellesskuleideal»

SKOLESTART: Norsk skule treng ei utvida forståing av fellesskoleomgrepet slik at det faktisk blir ein fellesnemnar som omfattar både offentleg skule og andre skuleslag, skriv Dagen på leiarplass.
Publisert

«Er målet om å lære elevene kritisk tenkning blitt et alibi for å slippe å bruke tid på kunnskapsstoff?» Spørsmålet vart denne veka formulert av samfunnsdebattant Bjørn Are Davidsen frå Tankesmien Skaperkraft i eit nyleg Facebook-innlegg. 

Det er berre eitt av mange liknande som svirrar i lufta no i samband med skulestart. For korleis står det eigentleg til med norsk skule? Utan å tappa den spente gleda ut av skulestarten for nokon, synest det viktigare enn nokon gong å ta fram dei kritiske ettertankane og ikkje minst «lytta til erfarne fjellfolk», det vil i denne omgang særskilt seia lærarane. 

Davidsens hjartesukk refererte til ein aktuell kronikk av lektor Andreas Mamen. Mamens uro knyter seg til at «skolebøkene har avskaffet kunnskapskravet», som han formulerer det. Lektoren har i eige master-arbeid samanlikna marknadsleiande læreverk på mellomtrinnet.

Powered by Labrador CMS