| Leder
Noregs bedrøvelege Israel-boikott
AP-KVISKRAREN: Det er ei kjent sak at regjeringa Støre er prisgitt aktivistiske krefter som dreg dei langt til venstre. Nyleg fekk vi nok eit døme.
Javad Parsa / NTB
Eit diplomatisk samanbrot som blir feira som ein seier, er ei smerteleg påminning om kor sterkt aktivistane held i rattet i norsk Midtausten-politikk.
For kort tid sidan delte SV-leiar Kirsti Bergstø ein jublande Facebook-post. «Dette er en stor dag for Palestina-solidariteten» opna ho. Så fortel ho om lovforslaget som vart sendt ut på høyring same dag: «Forslag til lov om handelsforbud med israelske bosetninger i Palestina».
Det var ikkje berre Kirsti Bergstø som jubla. Også Rødt og MDG feirar, og ser ut til å kappast om å ta æra, med formuleringar som «historisk gjennomslag» og «seier». Senterpartiet er også med i gjengen, om enn noko meir nedtona i uttrykket.