| Kommentar
Nokre ord om julebakst og kristne hjartesaker som kom og gjekk
Kven har bestemt at det ikkje lenger skal vere sukat i julebrødet?
SUKAT: Ingrediensen som kom og gjekk.
Foto: Wikimedia Commons
Dei fleste som vaks opp i tiåra etter krigen har eit forhold til sukat. Heime hos oss var det like sjølvsagt med sukat i julebrødet som det var med vørterøl i sitronbrusen og vatt under juledekorasjonane på fjernsynsapparatet.
Her ein dag sat vi ein venegjeng og undra oss kvar det blei av juletradisjonar som var sjølvsagde i vår oppvekst, men som vi i dag trekker på skuldrene av.
– Kva skjedde med sukaten?