| Debatt
Nok ein gong kjem Israel dårleg ut
UNDER PRESS: Det presset som Israel konstant er under, og som gjer at jødefolket også kjem under press, har inga fornuftig eller rasjonell forklaring, skriv tidligare redaktør i Dagen, Johannes Kleppa.
Kai Flatekvål
Rett som det er tenkjer eg: Du kan ikkje skriva om Israel enda ein gong. Det har du gjort så mange gonger, og det er stort sett det same du skriv, berre med eit nytt aktuelt utgangspunkt. Etter litt att og fram, endar det ofte med at eg skriv likevel, fordi omsorga for og vernet om Israel og jødane må kontinuerleg haldast oppe. For kvar gong det jødiske folket vert angripe, må vi difor reisa eit forsvar, og difor vart det enda ein gong ein epistel om Israel og jødane.
Frå ei side sett treng ikkje Israel som land og folk mitt eller andre menneske sitt forsvar, fordi Gud vil ta seg av sitt land og folk. Det har han lova frå han valde israelfolket ut ved Abraham, og med det starta både frelseshistoria og Israel si historie. Gud har på mange måtar og mange gonger vist at han står ved og oppfyller sine lovnader. Det er det som gjer at jødefolket og Israel som nasjon i det heile eksisterer. Av denne grunn vil landet og folket heller aldri gå til grunne. Jødefolket vil ha sin posisjon og si oppgåve så lenge denne jorda eksisterer.
Sjølv om Gud vil ta seg av sitt gamle paktsfolk, treng dette folket like fullt vår støtte, fordi dei er eit land og folk på jorda som alle oss andre, med alt som ligg i det. Samstundes er dei eit spesielt og utvald folk i Gud og frelsa si teneste, og difor er dei under konstant angrep frå djevelen. Det er det einaste som kan forklara antisemittismen og all kritikk av og motstand mot Israel som land og nasjon.