NYBYGG: Frå hausten 2004 har universitetet hatt fjernundervisning i husa til bibelskulen i Pokot. Det første kullet hadde 20 studentar og i dag er det 100 som snart er ferdige. No er misjonen i gang med å setje opp eigne bygningar for universitet.

NLM byggjer universitet i Kenya

- Pengane som kjem inn under Aksjon Håp vil gje folket i Pokot nye mogleigheiter. Misjonssambandet skal byggje hus for universitetet i Kapenguria.

Det seier Gunnar Hamnøy i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) til Dagen.

- Utviklinga mellom folket i Pokot er eit stort under. Då vi starta opp der var det knapt nokon som kunne lese. Sidan 1978 har vi bygt 60 barneskular, fem vidaregåande skular og ein bibelskule. I tillegg er det danna 200 kyrkjelydar, fortel Hamnøy oppglødd.

For nokre år sidan kom nokre representantar frå universitetet i Nairobi og banka på døra til Kapenguria Bible Center. Dei hadde høyrt om den flotte utviklinga i dette «gløymde» området, og lurde på om det ikkje snart var tid for å gå eit steg vidare.

Frå hausten 2004 har universitetet hatt fjernundervisning i husa til bibelskulen. Det første kullet hadde 20 studentar og i dag er det 100 som snart er ferdige. No er misjonen i gang med å setje opp eigne bygningar for universitet. Tilbodet skal mellom anna auke kompetansen til lærarar og offentlege leiarar i området.



Fantastisk utvikling

- Det er fantastisk å sjå kva som skjer der oppe i Pokot. Då eg kom heim att derifrå var det nummeret før eg tok heilt av, seier Hamnøy.

Han fortel at skular som NLM og andre har sett opp gjev dei unge betre sjanse til å greie seg i ein svært vanskeleg arbeidsmarknad. Før var det mykje heidenskap og drukkenskap i området, medan det no er ein ny situasjon.

- Dei første misjonærane våre som kom til Pokot vart åtvara mot å reise dit. Det vart sagt at det ville vere farleg, og at ingen ville ta imot evangeliet der. Det hadde sikkert vore farleg, men det er noko med Guds time for dei møtte ei opa dør, seier Hamnøy.



Haustar pionerfrukt

Ein einsleg britisk misjonær hadde 20 år tidlegare slite helsa av seg gjennom mange års arbeid i området. Han måtte reise derifrå utan nokon synlege resultat.

- 20 år etter byrja det å spire. Det synest eg er fantastisk. Guds ord vender aldri tomt tilbake. Det spirer og gror, jublar Hamnøy.


Dagen