Nedtoning og ufarleggjering av vranglære

Guds folk skal både halda auga med og venda seg frå forkynnarar og leiarar som fremjar bibeloppløysande teologi og vranglære - og den åndelege kløyvinga som ligg i dette, skriv Johannes Kleppa.

Ved den eksplosive utviklinga det i norsk kristenliv har vore av bibeloppløysande teologi og vranglære, står vi overfor eit akutt problem.

Det gjeld nedtoning av alvoret i bibeloppløysande argumentasjon og ufarleggjering av sjølve vranglæra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er eit kinkig problem fordi korkje bibelsyn eller lære går på eigne bein. Det er alltid knytt til personar. Det er personar som står for og fremjar bestemte bibelsyn og læresyn, særleg folk med forkynnar- og leiaransvar i kristne samanhengar.

Det er eit ideal å skilja mellom sak og person, slik at vi kan vera kritiske til saka samstundes som har positive relasjonar til personen. Dette er det viktig å leva opp til for at vi skal ha gode relasjonar i familien og i samfunnet.

Som alltid er det ei grøft på begge sidene av vegen.

Det er ei freisting å overføra usemja i sak på personen, slik at vi øydelegg sunne relasjonar.

Det er også ei freisting å nedtona eller sjå bort frå usemja for å halda oppe positive relasjonar.

For dei fleste er truleg den siste grøfta den lettaste å gå i, og det fører over tid til at eins eige syn vert endra.

Problemstillinga mellom sak og person vert særleg aktuell på det personlege planet og i det offentlege rommet når det gjeld folk i åndelege leiarposisjonar. Her må vi skilja mellom det private og det tenestemessige.

Guds ord seier vi skal halda auga med og venda oss frå personar som «valdar kløyving og fråfall frå den læra de har teke imot», det vil seia den apostoliske læra (Rom 16.17f).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Guds folk skal altså både halda auga med og venda seg frå forkynnarar og leiarar som fremjar bibeloppløysande teologi og vranglære - og den åndelege kløyvinga som ligg i dette. Her går det med andre ord både på saka og personen.

Ut frå dette skal vi ikkje i kristne samanhengar knyta til oss eller positivt framheva personar som verkar til åndeleg splitting med sin teologi og si forkynning.

Vi skal ikkje gje dei nokon åndeleg posisjon. Dei skal ikkje framhevast som føredøme eller brukast som rettleiarar i åndelege spørsmål, heller ikkje i spørsmål der dei i og for seg lærer og forkynner rett.

Dette har med legitimering og ufarleggjering av dei forførande standpunkta å gjera.

Denne problemstillinga er utfordrande for oss alle, ikkje minst med tanke på kva personar som kan og bør brukast i ulike oppdrag i det kristne arbeidet ein har ansvar for.

Det kristne mediearbeidet har her truleg den aller største utfordringa, fordi ein skal få fram ulike syn og presentera personar i ulike funksjonar.

Etter mi vurdering kom Dagen i skade for å gjera ei nedtoning og ufarleggjering av forførande teologi ved eit hyggeleg portrett av Laila Riksaasen Dahl 25. april.

Ho er eit positivt menneske, men som biskop har ho fremja bibeloppløysing og forførande vranglære. Denne typen intervju undergrev åndskampen ved å løfta opp personen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Hengte opp bispekåpen for siste gangLaila Riksaasen Dahl
Les også
Kirkelig anarki