| Debatt
Nedbygging av den norske skolen
NOU OM FELLESSKOLEN: Her slår ein fast at norske elevar i for stor grad ikkje oppnår dei krav til kompetanse i lesing og matematikk som er nødvendig, skriv Ole G. Steen. Statsminister Jonas Gahr Støre (biletet) besøkte Ullevål skule 17. august i samband med første skuledag.
Stian Lysberg Solum / NTB
Grunnleggjande spørsmål er og blir om skolen vår skal vere ein opplæringsinstitusjon eller ein oppbevaringsinstitusjon? Svaret burde vere ganske klart, men er det ikkje.
Nedbygginga av skolen som ein opplæringsinstitusjon har gått føre seg over mange tiår og har skjedd gradvis med små skritt om gangen. Påstanden min er bygd på alle dei små avviklingar som har funne stad ut frå alltid gode hensikter og med «gode» argument. Vi fjerna karakterar i barneskolen inklusiv i orden og åtferd, merknad for å komme for seint, alt av konkurransar var «skadeleg», idrettsmerket forsvann, sløyd og tekstil vart bytta ut med kunst, og lista kan gjerast lang.
Den progressive pedagogikken bygde på at mennesket i utgangspunktet er godt, er motivert, vil lære, er sjølvstendig og tar ansvar for eigen læring og innsats. Dessverre er ikkje menneskenaturen slik og vi veit alle at det beste er nok at det er klare rammer og tydelege mål. Struktur er best i startfasen og her må undervisninga vere lærarstyrt, før ein etter kvart som grunnlaget er på plass kan gi den enkelte større ansvar over tid.