| Debatt
Når tyrannar bombar kyrkjer
DESPERAT ANGREP: Flammar og røyk slo opp frå Marias himmelfartskatedral i Grotteklosteret i den ukrainske hovudstaden Kyiv etter eit russisk rakettåtak 15. juni, skriv Johannes Morken.
Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Vladimir Putins rakettangrep mot eit meir enn 1.000 år gammalt kloster var eit desperat angrep på ukrainsk identitet. Han er ikkje den einaste tyrannen som siktar på kyrkjer og andre kulturminne.
Flammar og røyk slo opp frå Marias himmelfartskatedral i Grotteklosteret i den ukrainske hovudstaden Kyiv etter eit russisk rakettåtak 15. juni. Det finst ingen militære mål i nærleiken. Ingen kan vera i tvil om at Putins hær hadde fått ordre om å sikta på ein heilagdom som er svært viktig for kyrkja i Ukraina og for folket i Ukraina.
Rett nok nektar Putin-regimet for å ha råka klosteret. Men regimet har vist rik evne til å lyga tidlegare.