I KYRKJEASYL: Eit afghansk ektepar tapte i Høgsterett.

Når staten ikkje trur dei som trur

Så lenge folk har ei murrande kjensle av at konvertittar ikkje har same rettstryggleik som andre, kjem engasjementet til å halde fram.

Framtida er uviss for eit afghansk ektepar som sit i kyrkjeasyl i Hønefoss. Sist veke vart det kjent at dei ikkje vann fram i Høgsterett.

Verken Utlendingsnemnda (UNE) eller rettsvesenet trur at dei har konvertert. Dét trur derimot fleire pastorar og kyrkjelege vitne, men orda deira vog ikkje tungt nok.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ekteparet har fortalt at dei flykta frå Afghanistan for å unngå tvangsekteskap. I Noreg søkte dei asyl, men fekk avslag i 2016.

Då paret året etter apellerte til UNE om å omgjere avslaget, sa den afghanske mannen at han hadde konvertert til kristen tru, men vart ikkje trudd. Seinare fortalde også kona at ho hadde kome til tru på Jesus. Heller ikkje ho vart trudd.

Paret gjekk etter kvart i kyrkjeasyl på bedehuset Betania på Fitjar. Det vekte nasjonal oppsikt då politiet i 2018 tok seg inn i bedehuset og henta dei ut.

Dei siste åra har dei site i kyrkjeasyl i Hønefoss. Då saka kom opp for Høgsterett, erklærte både Den norske kyrkja og Norsk organisasjon for asylsøkere partshjelp til støtte for ekteparet.

I innleiinga til dommen, der partshjelparane sitt syn blir presentert, står det at dei tre barna til paret er barnevelsigna og har teke til seg ei rekke kristne skikkar og tradisjonar, som ein naturleg del av dagleglivet sitt.

Om ekteparet heiter det at ei rekkje uttalar frå fagpersonar og andre underbyggjer at konverteringa deira til kristen tru er reell.

«De har en kristen livsførsel, et nært forhold til sin menighet, og de er aktive i sitt kristne fellesskap», skriv partshjelparane.

Dei fleste konvertittane som søkjer asyl i Noreg, kjem frå Afghanistan og Iran.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Konvertittar frå Afghanistan er sikra opphald, fordi det er semje om at reelle konvertittar blir forfølgde i Afghanistan. For det afghanske ekteparet var det dermed avgjerandre å blir trudde på at dei faktisk er konvertittar.

Trass i at ei rekkje prestar og biskopar stilte seg bak dei, vart dei ikkje trudde. Høgsterettsdommarane var rett nok delte, men fleirtalet trudde ikkje at konverteringa var reell.

Saka blir rekna som prinsipielt viktig. Dette var første gongen ei konvertittsak vart behandla av Høgsterett.

Blant sentrale tema retten skulle ta stilling til, var blant anna kva vekt vitneutsegner frå prestar og biskopar skal ha. Høgsterett slår fast at vitnemål frå prestar og biskopar som gjeld religionsfaglege spørsmål, må tilleggast betydeleg vekt.

Prestens kjennskap til asylsøkjaren kan også vere med på å stadfeste asylforklaringa.

Samtidig blir det presisert at ein må ta omsyn til at prestane kan bli påverka av å ha ein nær relasjon til personen det gjeld, og at dei som regel berre vil vere kjende med faktum i saka gjennom opplysningar frå asylsøkjaren eller representantar forvedkomande. «Vektingen av presters vitneprov blir en konkret vurdering fra sak til sak», heiter det.

I fjor sende regjeringa på høyring eit forslag til endring i utlendingsforskrifta som sa at alle konvertittar skal få møte i nemnd og ta med seg vitne frå kyrkjelyden sin.

Målet var å styrke rettstryggleiken til konvertittar, og dermed også trusfridomen. Signalet var at dei kyrkjelege vitna ville bli lytta til. Endringa, som vart framstilt som ein siger for KrF, er imidlertid enno ikkje iverksett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At det afghanske ekteparet ikkje vart trudd, trass i at det vart mobilisert massiv kyrkjeleg ekspertise, kan etterlate eit inntrykk av at kyrkjeleg fagkompetanse og ekspertise har mindre tillit og status både hos UNE og i rettsvesenet, enn ekspertar med andre fagfelt.

Dette er uheldig. Konvertittane blir møtte med skepsis, karaktervitna deira likeså.

Det er forståeleg at Erhard Hermansen, generalsekretær i Norges kristne råd, var svært skuffa over dommen. Han meinte at familiens grunnleggande menneskerettar ikkje var tekne på alvor i norsk rettsvesen.

«Dommen kaster skygge over kirkenes troverdighet i møte med myndighetene», uttala Hermansen, som meinte denne mistilliten svekkar rettstryggleiken til konvertittar.

Konvertittane blir møtte med skepsis, karaktervitna deira likeså.

Han er ikkje åleine om å vere uroleg for rettstryggleiken til denne gruppa. Asyladvokat Arild Humlen sier til avisa Vårt Land at han er uroleg for det store spriket i ulike rettsinstansar når det gjeld synet på forfølging av iranske konvertittar i Iran.

Trude Hellesø i Mennesker i Limbo deler bekymringa over at UNE og lagmannsretten kjem fram til vidt ulike utfall.

Over tid har det vakse fram ei veksande erkjenning, både nasjonalt og internasjonalt, av at kristne blir forfølgde for trua si i mange land, og at konvertittar kan vere spesielt sårbare. Somme stader, som i Afghanistan, Somalia, Pakistan og Iran kan forfølginga gå på livet laus.

Den same erkjenninga ser vi ikkje alltid når det gjeld kva religiøs tru faktisk kan bety for eit menneske, og kva trusfridomen omfattar, slik det er nedfelt i FNs menneskerettserklæring og ulike konvensjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trusfridom handlar ikkje berre om å tru, skifte tru – eller la vere å tru. Trusfridom inneber også om ein rett til å utøve tru.

Kyrkja har misjon som del av sitt dna. Det er glede både i himmelen og på kyrkjekaffien når eit menneske kjem til tru på Jesus.

Engasjementet i konvertittsakene er ofte stort, både fordi ein har empati med enkeltmenneske, men også fordi uretten ofte framstår stor.

Så lenge folk har ei murrande kjensle av at konvertittar ikkje har same rettstryggleik som andre, kjem engasjementet til å halde fram.