| Leder
Når relasjonen mor, far, barn blir eit minefelt
Psykologi trugar med å fortrenga biologi på ein måte som reduserer mennesket til tankar og kjensler heller enn kropp.
Illustrasjonsbilde
Jan Haas / NTB
Som mange andre, elskar eg å finna fram naturprogram, slik som «Attenboroughs Asia». Programma der naturdokumentarens grand old man, hundreåringen Sir David Attenborough gispar seg henrykt gjennom sju episodar om dyrelivet på verdas største kontinent, er i ein eigen liga.
Eg hadde aldri møtt bajkalselen om det ikkje var for Sir David! Bileta som viser korleis mora blæs ei boble som gir luft til ungen under isen er filmkunst i særklasse. Selungen har for små lunger til å halda heile symjeturen under isen. Mors luft er livshjelp for det supersøte avkommet.
I dyreriket elskar vi slike detaljar. Vi dykkar barnleg inn i biologisk detaljrikdom. Skaparverket er så ufatteleg fininnstilt og forseggjort!