| Debatt
Når ølet går inn...
SKJENKING: Dette at Norge deltek i VM for fotball er tydeleg så viktig for Støre at lovene må endrast for at ein få godt utbytte av kampane.
Amanda Pedersen Giske / NTB
Eg reknar med at dei fleste av Dagen sine lesarar, kjenner resten av ordtaket. Men for å kvalitetssikra innlegget, så er resten slik: går vitet ut.
Dette ordtaket rann meg i hugen då eg høyrde at anledning av nyting av øl er så viktig for statsministeren vår at her måtte me forandra lovverket så folk kunne rusa seg i seine nattetimar.
At dette kan føra til meir bråk og herverk, og nedsett arbeidsevne, det er slikt som statsministeren ikkje vil vektleggja.