| Frispark
Når motparten ikkje godtek at du eksisterer
TOSTATLØYSING: Ei tostatsløysing er lenger borte enn nokon gong. Dei palestinske arabarane vil ikkje ha det, og det israelske folket vil ikkje ha det, skriv Hallgrim Berg.
Bjørn Olav Hammerstad
Regjeringa driv på, brukar milliardar og leikar stormakt i Midtausten. Pengane renn og drys ut til eit heilt spekter av ureviderte formål. Eit overordna mål er visst å få i stand ein ny palestinsk stat i eller innåt Israel.
Men ei tostatsløysing er lenger borte enn nokon gong. Dei palestinske arabarane vil ikkje ha det, og det israelske folket vil ikkje ha det.
Det er ikkje lett å skulle forhandle om to statar for to folk når motparten ikkje godtek at du eksisterer. Du er borte frå kartet og i skulebøkene.