| I Fokus
Når keisaren får alt
EUROPA I KOK: Spørsmålet som alle kristne samfunn må bala med, og finna ei løysing på, er for eksempel Jesu ord om å gje keisaren det han skal ha, og Gud det han skal ha, skriv Egil Morland (foto).
Kai Flatekvål
Europa er i kok. Fleire land står overfor utfordringar som det knapt går an å løysa. Overalt i uroa høyrer vi om rotlaus innvandrarungdom som hektar seg på og delvis overtek agendaen for det som skjer. Dei går til kamp mot det som vert kalla «vestlege» verdiar.
Frankrike er spesielt ille ute. Landet får smaka dei bitre fruktene av kolonistyret i Nord-Afrika: Lovnader om ein grenselaus rett til innvandring, som kompensasjon for uretten dei har lide. No er det tredje- og fjerdegenerasjonsungdomar som får ny nøring til hatet. Dei er franske, men framandkulturelle. Dei hatar Vesten. Men ingen trur vel «på ekte» at dei elskar islam?
Dessutan har dei ikkje andre lands utfordringar med språk som integreringsfaktor. Språket kan dei. Fransk er kolonispråket.