Kommentar
NORSK BARNDOM: Vi har ordningar i fleng, men gjer det oss til eit barnevenleg samfunn?
Fredrik Hagen/NTB
Når barna forsvinn
I ein tankevekkande spesialreportasje som bar tittelen «Hvor ble det av barna?» dokumenterte NRK nyleg korleis mange leikeplassar på Sørlandet er grodd igjen, prega av forfall og manglande bruk.
Dei triste bileta fortel ei historie om samfunnet vårt som vi kanskje ikkje heilt er villige til å ta inn. «Barna våre er det aller viktigaste vi har», er eit refreng hos politikarane. det er noko alle sluttar seg til.
Men, likevel, sånn i praksis. Kor blei det av barna?