ÅNDELIG VEILEDNING: Prinsesse Märtha Louise og sjamanen Durek Verrett holdt foredrag på Clarion hotell i Stavanger i 2019.

Monarkiet bør tåla ein brysam svigerson

Ligg styringsforma vår på sotteseng?

Rett før 2023 ebba ut, vekte tidlegare justisminister Anne Holt liv i sin indre republikanar. På Facebook fortalde ho at begeret er fullt. Dei siste utspela til Durek Verrett, mannen som dette året skal gifta seg inn i kongefamilien, er ifølgje Holt eit kronargument for at monarkiets dagar bør vera talde her til lands. Ho er slett ikkje åleine om å meina det.

Anne Holt set ord på eit spørsmål som truleg berre kjem til å bli viktigare i år. Er krumspringa til ein komande svigerson spikaren i kista for ei styringsform vi har hatt i snart 130 år som heilt sjølvstendig stat?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kongen gjennomførte nyleg sin årlege nyttårstale, og som vanleg leverte han ein serie observasjonar som viser at han fangar inn og fortolkar noko vesentleg. Referansane hans til Fosse-uttrykket «dei usynlege hendene» som eit uttrykk for at vi treng fellesskapets ulike dimensjonar, treffer truleg tidsånda godt.

Men bør framtida til monarkiet kvila på evna til å framføra treffande nyttårstalar, eller på effektiviteten i å rista av seg brysame svigersøner?

Kongen viser både kløkt og mot når han brukar sin personlegdom slik han gjer i kongsgjerninga si. Behovet for slik personleg leiarskap er kanskje blitt større i ei tid der politikk stadig synest meir straumlinjeforma og profesjonalisert. Her opnar monarkiet eit rom politikken ikkje har.

For det andre har vi som folk i ei omskifteleg tid, behov for dei lange linjene. Det har alltid vore eit argument for monarkiet at det representerer kontinuitet. Konkret kjem dette til uttrykk når kongen i nyttårstalen brukar uttrykk som «Jeg har levd lenge nok til å …». I staden for hektiske valperiodar, har kongen heile livsløpet som referanse.

Kongehuset korrigerer truleg også tendensen til individualisme som pregar samfunnet, ved at symbolmakta kjem til uttrykk gjennom ein familie. Kongens rojale «vi» er ei språkleg form, men det uttrykkjer også noko meir. Der politikken kan fostra fram einslege stjerner, er monarken omgjeven, slik vi alle er, av familieband – på godt og vondt.

SKRUD: Monarkiet representerer ein type makt som supplerer den politiske på ein god måte – også om det i blant røyner på.

Ein kan også argumentera for at eit livsløpsleiarskap som kongehuset representerer, er ein type sårbart leiarskap som eit samfunn også har godt av. I kva grad den regjerande monarken evnar å visa seg sårbar, vil naturlegvis variera med kva person som har rolla.

Men der politikken, i alle fall her til land, oftast gir oss leiarskap når folk er på topp, fysisk og karrieremessig, får vi med eit kongehus leiarar som er på ulike stader i livssyklusen. Dette er noko som talar til det heilskaplege ved livet. Ein alderstynga konge har framleis noko å seia oss, og sjølv om dronning Margrethe i Danmark nyleg forkynte at ho abdiserer, er ho framleis ein del av den livssyklusen som monarkiet samla sett representerer.

#NotMyKing er ein emneknagg som sirkulerte friskt i Storbritannia då kong Charles heldt sin årlege tale ved juletider. I Storbritannia er det endå tettare mellom skandalane og dei personlege konfliktane ser ut til å gå djupare der enn her heime. Det er ei enkel løysing å seia kva ein ikkje vil ha. Spørsmålet krev nærare ettertanke, både der og her heime: Er det eit betre alternativ å kvitta seg med kongehuset? Kva skal i så fall erstatta det?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Sist det vart utført ei spørjeundersøking om monarkiet her i landet, var hausten 2022. Undersøkinga viste fallande støtte til monarkiet. 67,7 prosent av dei spurte svarte her ja på spørsmålet om Noreg burde halda fast på monarkiet. Historikar og kongehus-ekspert, Trond Norén Isaksen karakteriserte fallet i oppslutnad på 13.3 prosentpoeng sidan same måling fem år før, som «påfallande». Også då var Märtha og kjærasten ein viktig del av forklaringa. Etter dei siste utspela, kan ein få kjensla av at støtta til monarkiet no er i fritt fall.

Ein skal likevel merka seg at denne spørjeundersøkinga ikkje viste noko av den republikanske trenden som Anne Holt nyleg gjorde seg til talsperson for. Om misnøya med den mest perifere personen i kongefamilien kjem til uttrykk som misnøye med monarkiet, kan det vera grunnar for å tru at dette er forbigåande. Særleg ettersom nedgangen i støtte ikkje har resultert i auka oppslutnad om innføring av republikk.

Dei siste utspela til kongens komande svigerson er både ukloke og usanne. Dei uttrykkjer dessutan noko som er svært framandt for det vi elles forbind med monarkiet vårt, nemleg atterhald, omtanke og empati. Det er all mogleg grunn til å reagera sterkt mot Durek Verretts tankegods om demonutdriving i barneoppseding og sjølvkontroll som kur for sjølvmordstankar. Det bør vera ei klar forventing til eit kongehus av vårt kaliber at ein tek tydeleg oppgjer med slikt.

Når den komande brysame svigersonen trass alt ikkje er del av sjølve kongehuset, bør han ikkje opphøgjast til eit argument for å avskaffa eit velfungerande styresett.

I tillegg til den velkjende og viktige symbolmakta til monarkiet, kan det argumenterast for at kongeleg makt også er ei «elastisk makt». Denne tilseier at dei kongelege i vår tid, med ei så innramma og avgrensa makt, blir viktige når dei er gode, og fyller samfunnsoppdraget som folkets tenarar på ein tilfredsstillande måte. Er dei derimot tåpelege, reduserer dei seg sjølve til uvesentlege overgangsfigurar.

Skal ein ta vare på dei lange linjene, må ein innimellom tåla det menneskelege preget; sviktande dømmekraft og avvik frå det optimale. Med eit kristent utgangspunkt bør ein her kopla inn at det skal vera rikeleg med tid til både omvending og bot. I eit historisk perspektiv har det norske kongehuset hatt få feilskjær, og når den komande brysame svigersonen trass alt ikkje er del av sjølve kongehuset, bør han ikkje opphøgjast til eit argument for å avskaffa eit velfungerande styresett.