🍁 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Mitt poeng er slett ikkje å få inkludert Indre Sogn i bibelbeltet

Kinesiske kristne les Bibelen i filler. I Midtausten vender menneske seg til kristen tru i eit omfang som saknar sidestykke sidan den første tida etter Jesu himmelfart. Kva interesse er det for dette i det norske bibelbeltet?

KONVERTITT: Konvertittane vil gjerne ha ein bibel, jamvel i fengsel, skriv Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

«Bibelbeltet» er framleis eit fenomen i Kristen-Noreg og i politisk debatt. Vårt Land publiserte i sommar ei rekkje store og rikt illustrerte reportasjar om bibelbeltet, om kvar det startar, kvar det sluttar og om kvar vi finn sjølvaste beltespenna. Avisa har – sjølvsagt – utløyst ein lokalpatriotisk debatt som har gløda frå svenskegrensa til Stavanger.

Sjølv vaks eg opp på eit bibeltungt bedehus og på ein fantastisk leirstad som aldri er rekna som del av bibelbeltet – jamvel om Hans Nielsen Hauge i 1801 og 1802 fekk stor oppslutnad nettopp i heimtraktene mine. Herifrå fekk han stor innverknad på Vestlandet før statsmakta greip inn for alvor mot Hauge i 1804.

Mitt poeng er slett ikkje å få inkludert Indre Sogn i bibelbeltet. Men kanskje kjem eg heller til å fordjupa meg i historia om 33 vitne frå bygdene heime, 33 menneske som i desember 1807 og januar 1808 vart utsette for rettslege avhøyr då staten skulle dokumentera «brotsverka» til Hauge også i Hafslo og Luster.

Powered by Labrador CMS