| Filmpremiere
Mission Impossible: Ein actionfilm som avslører mennesket
Den eventyrlystne kinogjengaren får action i søkk og kav i MI8. Pluss kristne overtonar.
SISTE STUNT MED HUNT: Tom Cruise, alias agent Ethan Hunt saman med delar av teamet sitt i absolutt siste del av Mission Impossible-serien.
Paramount Pictures and Skydance / AP / NTB
Når agent Ethan Hunt sym åleine mot overflata i det uendelege ishavet, skrella til underbuksa etter eit mildt sagt tidskritisk oppdrag i den havarerte russiske ubåten Sevastopol, følgjer to tankar med til overflata i same slengen.
Håpefulle variasjonar
For det første at dette er ei håpshistorie. Sjølv om verda i filmen er i ferd med å bli fullstendig fortært av «The Entity»- den massive kunstige intelligensen vi vart kjende med i del ein av filmeposet. Handlinga held nemleg fram med å romstera grundig i samtida si frykt for at kunstig intelligens skal ta over kommandoen i verda.