Leder
MISJONSKIRKEN: Her ved leiar Siri Iversen, har i desse dagar landa på å halda fast på at Bibelen seier at ekteskapet er ei ordning for ein mann og ei kvinne. Dei gir tydeleg rettleiing på eit felt mange opplever forvirrande.
Trond Filberg
Misjonskirken: Vilje til å visa veg i ei forvirra tid
Misjonskirken skal ha ros for å gje tydeleg rettleiing på eit felt der svært mange unngår å seia noko.
«Jeg tror Bibelen er ekstremt avvisende» seier Erik Andreassen, pastor i Oslo Misjonskirke, når det gjeld kva Bibelen seier om homofilt samliv. Misjonskirke-profilen var nettopp innom Simon Stisen i sistnemndes podkast «Størst av alt».
Dei to drøfta Misjonskirkens nylege vedtak om å halda fast på Bibelens lære om ekteskapet som ordning for ein mann og ei kvinne. Dei snakka om situasjonen for homofile i kyrkjesamanheng generelt, og konsekvensane vedtaket får framover.
Det oppsiktsvekkjande er at resten av samtalen berre ikkje ser ut til å ta den dramatiske innsikta inn over seg. I lys av ei slik klar erkjenning av kva Paulus og bibelorda formidlar, kunne ein kanskje sett for seg dette som ein fot i bakken.