Synspunkt
MISJONÆR OG BIBELSMUGLAR: Etter 19 år i Etiopia og fem i Kenya avslutta Aasta Moldsvor yrkeslivet sitt som misjonsambassadør i Noreg. Som pensjonist smugla ho dessutan biblar til Kina. Her er ho 87 år gammal.
Per Ove Aarseth
Misjonær Aasta – fødd 22.2.22
«Hadde eg visst kva eg gjekk til der, hadde eg ikkje hatt mot til å svare ja», vedgjekk ho.
I dag er det hundre år sidan misjonær Aasta Moldsvor vart fødd – 22.2.1922 – i Isfjorden i Romsdal. Aasta var ein stillfarande, men svært energisk person. I 2009 fortalde ho historia si i eit intervju eg skreiv for misjonsbladet Utsyn. Livet ho levde kallar fram ettertankar.
Eg opplevde henne som glad og takksam – nesten kry – når ho kom fram med litt av det ho hadde vore med på i Etiopia og Kenya.
Då ho var lita, spekulerte Aasta på kva som kunne liggje bak dei ruvande Romsdalsfjella. Kvar gong ho høyrde om Lars Skrefsrud og andre misjonærar, blei det vekt ein gjenklang. «Eg kjende ei dragning mot misjon frå før eg var sju år», sa ho. Noko i hennar indre sa henne at ho skulle til eit misjonsfelt.