HALDNING OG FORVALTNING: Det er svært bra at det er nokre som ropar varsku med tanke på vår haldning til og forvaltnig av miljøet og naturen. I Dagen har det vore gode oppslag om dette i det siste, skriv Johannes Kleppa. Foto: Magnar Børnes

Miljøengasjement og forkynning til frelse

Den store trusselen mot skaparverket kjem frå materialismen og forbrukarkulturen. Dette er ein egoistisk og syndig livsstil som er destruktiv for både mennesket og naturen, skriv Johannes Kleppa.

Politiske og personlege tiltak som ikkje tek tak i dette, vil aldri lukkast i sitt miljøengasjement.

Naturen er skapt av Gud, og det gjev oss eit ansvar for naturen. Heile skaparverket høyrer Herren til, og vi må tena og bruka det i samsvar med Herrens vilje med sin eigedom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Etisk sett har vi difor ansvar for naturen og vår bruk av denne, og det må medføra eit miljøengasjement. Nokre av oss har ein spesiell kjærleik til naturen.

For min del trivst eg svært godt i fjellet, og eg har ein draum – som eg tvilar på går i oppfylling – om å bu ein periode i Guds frie natur! Denne veka er eg på fjellvandringsleir, og kombinasjonen av bibeltimar og fjellturar er svært bra.

Kjærleiken til naturen og ansvaret for skaparverket må like fullt setjast inn i det æveperspektivet som Bibelen legg på mennesket og livet. Dette betyr ikkje at måten vi forvaltar naturen på er uviktig, fordi det er den evige frelsa som er hovudsaka.

Jorda er altså Guds, og då kan vi ikkje tura fram som vi vil i egoisme, materialisme, overforbruk og forureining. Vi skal leva slik at Guds vilje kan råda på jorda som i himmelen.

Det er svært bra at det er nokre som ropar varsku med tanke på vår haldning til og forvaltng av miljøet og naturen. I Dagen har det vore gode oppslag om dette i det siste.

Sokneprest Tom Sverre Tomren er ein av dei som verkeleg har engasjert seg både teologisk og politisk på dette feltet. Mykje av det han seier, er det stor grunn til å ta på alvor, men han kjem diverre ut med eit problematisk forhold til sjølve evangeliet og forkynninga.

Det er ikkje til å koma forbi at Guds handlemåte i skaping og frelse orienterer seg ut frå mennesket. Han gjorde jorda «til bustad for folk» (Jes 45,18). Det er faktisk målet med skaparverket. Gud skapte så mennesket i sitt bilete, altså til samfunn med seg og til å odla jorda. Det er målet med mennesket.

Då mennesket fall i synd, drog det heile skaparverket med seg, slik at jorda vart forbanna og forgjengeleg. Guds frelsesverk i Kristus er slik at Gud ved å sona mennesket si synd, den synda som øydela det opprinneleg gode skaparverket, kan han også atterføda skaparverket og gjera det uforgjengeleg, og på nytt føra det inn under si velsigning ved ein ny himmel og ei ny jord (Rom 8, Op 21-22).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den store løysinga på problema og lidinga i naturen og på mennesket sin fortapte tilstand, er altså den same – Jesus forsoningsverk. I sentrum av dette står mennesket med si synd og syndstilgjeving ved trua på Jesus.

Heile Bibelen viser oss at tyngdepunktet ligg i gudsforholdet, altså i spørsmålet om synd, soning og tilgjeving. Ikkje noko «engasjement» må få konkurrera med eller trengja seg inn i dette.

Les også
Kirkelig miljøkamp fra rett ende
Les også
Skeptisk til «grønn tråd» i forkynnelsenNy doktorgrad
Les også
Biskop takknemlig for utfordring til miljøforkynnelse
Les også
«Jorda ville på mange måter ha det betre om mennesket ikkje var der»Ny doktorgrad