Kommentar
MED LØFTA HAND: Yahya Sinwar, kjend som «Slaktaren frå Khan Yonis» er Hamas fremste mann i Gaza. Kallenamnet hans gøymer berre eitt av mange kaldblodige kapittel i tragedien i Midtausten.
Adel Hana/AP/NTB
Midtausten: Terrorens makabre matematikk
Det er altfor mange parentesar og ein skrikande mangel på oppfølgingsspørsmål til det som no utspeler seg i Midtausten.
Sist helg kunne vi i Aftenposten lesa eit stort intervju med NRKs profilerte Midtausten-korrespondent, Yama Wolasmal, som med reporterens sans for dramatikk fortel om timane då omfanget av Hamas-angrepet den 7. oktober gjekk opp for han.
Ønskje om utsletting
Wolasmal var på det tidspunktet i Libanon med familien, men forstod snart at ein fredeleg familiedag skulle munna ut i eit hastig farvel. Pliktene som krigsreporter kalla.