❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

MF utan teologiske og religiøse grenser

SKRIBENT: Tidligere redaktør i Dagen, Johannes Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Dei siste vel femti åra har det vore ei konstant negativ utvikling ved MF vitenskapelig høyskole (MF), tidlegare Menighetsfakultet, og etter tusenårsskiftet har det akselerert. Det starta med bibelsynet og kvinnelege prestar, og det vart dramatisk forverra med spørsmålet om homofilt samliv og såkalla likekjønna ekteskap. 

I det aller siste har det utvikla seg til det aller mest sentrale i kristentrua, spørsmålet om Jesu død til soning for syndene våre, og det har no toppa seg i forholdet til islam, altså spørsmålet kristendommens særstilling. Det siste gjeld djupast sett Jesu eineståande stilling i gudsspørsmålet og frelsesspørsmålet.

Eg skal ikkje dra heile denne historia, men eg går tilbake til ein artikkel av professor i systematisk teologi, Asle Eikrem, i Luthersk Kirketidende nr 3/24, der hovudtema var påskehending og påskebodskapen. MF-professoren sin artikkel bar den programmatiske tittelen: «Frelse på tross av korset. Utkast til en ny forståelse av påskens budskap.»

Powered by Labrador CMS